Vi må stelle godt med arbeidsinnvandrarane våre. Vi treng dei sårt! Det har eg skrive før, og eg tar gjerne opp att det eg meiner om innvandring generelt: Norge bør ha eit raust hjarte for menneske som flyktar frå krig og djevelskap. Det betyr ikkje at vi skal ta lett på integrering og ikkje stille krav. Det betyr heller ikkje at dei som kjem hit, bør kunne dyrke ein kultur som inneber massiv kvinneundertrykking og kvardagsvald. Det betyr slett ikkje at vi skal dyrke vårt vertskap for omreisande bandar. For ei veke sidan vart fire litauiske gjestearbeidarar sende ut av landet med kvar si saftige bot i baklomma etter å ha vorte avslørte for organisert butikktjuveri. Dei rundt 20 år gamle mennene har vore tilsette som gjestearbeidarar under norsk leiing i Herøy sidan nyttår, og har etter alt å døme nytta mykje av tida til å stele. - Det er vanskeleg å seie nøyaktig kor store summar vi snakkar om, men skal eg gjere eit grovt overslag, vil eg rekne med at det dreier seg om varer for minst 60.000 kroner, fortel politiførstebetjent Hilde Aglen til Vestlandsnytt tysdag denne veka. Dei uærlege gjestearbeidarane vart kalla inn på kontoret til arbeidsgivaren og raskt sende ut av landet. Same dagen som Vestlandsnytt fortalde om denne saka, slo ein bande til i hos Urmakar Nelvik i Keiser Wilhelms gate i Ålesund. Med ein sleggeliknande hammar storma fem mann inn i butikken, trua betjeninga, smadra fleire glasmontrar og stakk av med klokker for ein halv million kroner. Ikkje lenge etter kunne væpna politi arrestere fem utanlandske statsborgarar og sikte dei for ranet. Kva skjer med desse fem om dei blir dømde for urmakarranet? Blir dei sende ut av landet slik dei arme gjestearbeidarane i Herøy? Det er slett ikkje sikkert. Velstanden vår har ikkje lagt særleg dempar på aktiviteten til dei som aspirerer til ein plass i kriminalstatistikken. Kanskje kan vi seie tvert imot. Ei side ved utviklinga på det laussleppte 1980-talet var at kriminaliteten viste ein markant auke. I 1989 etterforska politiet 237.000 brotsverk, dobbelt så mange som 10 år tidlegare og fire gonger så mange som i 1970. Det meste var vinningskriminalitet. Men auken i valdsbrot var større; 11 prosent i 1960 - 23 prosent i 1989. Det idylliske etterkrigs-Norge var i ferd med å endre ansikt, og kriminaliteten auka sterkast mellom unge menn. I 2006 vart 400.000 lovbrot melde til politiet, ein auke på 1,5 prosent frå året før. Men vinningskriminaliteten har flata ut, og fjorårets 187.000 tilfelle av vinningskriminalitet er det lågaste sidan 1993. Det nye sidan 1980-talet er naturlegvis innslaget av brotsverk med “utanlandsk opphav”. Til dømes har talet på polakkar og litauarar bak norske fengselsmurar auka kraftig dei siste åra. No sit 71 litauarar i fengsel her i landet; for fem år sidan var det berre 23. Leitar vi etter polakkar i norske fangehol, vil vi ende opp med 57, ein auke på 160 prosent på fem år, viser tal Aftenposten har fått frå Justisdepartementet. I rapporten “Tendenser i kriminalitet” frå Politidirektoratet heiter det at kriminelle nettverk frå Polen og Litauen særleg er aktive innan omreisande vinningskriminalitet. Bandane er organiserte frå heimlandet. Men no slår Kripos alarm. Dette avskummet bør ikkje få fylle opp fengsla våre. Atle Roll-Matthiesen, sjef for den taktiske etterforskingsavdelinga i Kripos, meiner norske styresmakter bør vurdere å sende dei dømde tilbake til Litauen og Polen for å sone der. For: – Dei opplever ikkje norske fengsel som vonde, og derfor får dei ikkje den nødvendige avskrekkande verknaden. Det vil ha meir preventiv effekt om dei må sone i heimlandet, forklarer Roll-Matthiesen i samtale med Aftenposten. Søndag skreiv den same avisa om korleis soningsfangar utfører nye lovbrot, planlegg nye brekk og knyter kontaktar medan dei sit i norske fengsel. Polakkar og litauarar knyter band til organiserte, kriminelle miljø i Norge medan dei sonar. Dessutan lærer dei seg norsk under fengselsopphaldet. På den måten får dei sterkare fotfeste i Norge enn om dei hadde site i fengsel i heimlandet. I Norge kan vi kanskje rose oss av at vi steller pent med våre kriminelle og lar dyktige forsvarsadvokatar bukke dei inn og ut av rettssalane. Men utlendingane bør vel få smake fasilitetane i heimlandets eigne fangehol? asle. geir@vikebladet.no