Fylkesmannen gjekk langt ut over fullmaktene sine då han blanda seg politisk inn i den betente skulestriden i Hareid, skriv Torodd Fagerheim, rådgjevar i LUFS, til Vikebladet Vestposten.

Brev til Haga

Fagerheim er ein av dei som har signert eit brev til kommunal- og regionalminister Åslaug Marie Haga, dagsett 20. mars 2007. LUFS forventar at brevet vil føre til at statsråden instruerer Fylkesmannen om kva rolle embetet har i slike saker. I brevet peikar dei på at både ordførar og varaordførar stadfesta i eit ope formannskapsmøte at Fylkesmannen har lagt press på kommunen om å gjere "nye og varige strukturendringar" (..) "som han vil godta". Dei viser til opplæringslova, som seier at slike saker skal handsamast som Forskrift. Der ligg avgjerdsmyndet hjå kommunestyret, som suverent kan fastsetje talet på skular. Her har derimot Fylkesmannen på førehand kravd eit bestemt utfall i skulesaka. Dette er eit vedtak han i ettertid skal føre kontroll og tilsyn med, difor er Fylkesmannen si avgjerd uråd å overprøve. LUFS meiner Fylkesmannen her har forlate den uhilda posisjonen statens mann skal ha i spørsmål om skulenedleggingar. Han har blanda seg inn som ein tung, og for mange kommunestyrerepresentantar, avgjerande politisk aktør.

Lim i lokalsamfunnet

I brevet til Haga skriv LUFS varmt om nærskulane. Skulen er limet i lokalsamfunnet, dei er ein naudsynt del av infrastrukturen. Barnefamiliar og næringsliv etablerer seg ikkje i lokalsamfunn utan skule, den er grunnleggjande for gode oppvekstvilkår, framtidstru og busetnad, forklarar LUFS. Dei peikar på at kommunane kan neppe gjere eit meir vidtrekkjande, negativt vedtak enn å ta nærmiljøskulen vekk frå barn, foreldre og lokalsamfunn. LUFS meiner saka i Hareid er skremmande lik mange andre skulesaker, og den vitnar om rettsløyse og forvaltingskaos. Det har ikkje lukkast Vikebladet Vestposten å kome i kontakt med Fylkesmann Ottar Befring for kommentar.