Tidlegare ordførar Einar Holm ber politikarane innstendig om å ikkje leggje ned Brandal skule. Holm har prøvd å følgje med i skuledebatten, og har ikkje kome over dokumentasjon som syner at kommunen vil spare pengar på å leggje ned skulen.
Einar Holm er overtydd om at dersom politikarane 28. mars vedteke å leggje ned Brandal skule, så rokkar dei ved sjølve livsnerven til det gode bygdesamfunnet.