På ei dør oppe på Ulshaugen busenter står det Hårpleie. Bak døra skjuler det seg ein heil liten frisørsalong. Ved hjelp frå Ulstein Sanitetsforeining kan pensjonistar kome hit og klippe seg, ta permanent eller vaske håret sitt for ein billeg penge. Frisør Kanittha Ketthong fortel at det er flest bebuarar frå Ulshaugen som nyttar seg av tilbodet, men salongen er open for alle pensjonistar. Her er alle velkomne. Det er Ingebjørg Røren som får stelt håret sitt når Vikebladet Vestposten er innom. Ho har vore i frisørstolen hjå Kanittha fleire gonger og er storfornøgd med frisøren. For fjorten dagar sidan var Røren innom og tok permanent. Etter ho kom frå frisøren vanka det komplimentar både i banken og på Blåhuset. Fleire kommenterte at ho var så fin på håret. No er ho innom for å få vaska og rulla opp håret sitt. Kanittha Ketthong er på plass i salongen på Ulshaugen kvardagar mellom klokka ti og fire. Men torsdagar er salongen stengt, for då er ho på sjukeheimen og steller håret til dei som bur der. Den blide frisøren trivst godt i yrket sitt. Eg skulle gjerne hatt fleire kundar. Både kvinner og menn er velkomne, smiler ho.