Omsetjinga i andre kvartal vart på 322,4 millionar kroner, opp 48,9 prosent frå tilsvarande periode i fjor. Fortenesta før rente, skatt og avskriving (Ebitda) vart på 53,5 millionar kroner, ein auke på 116,6 prosent i høve andre kvartal 2006. Ebitda-marginen vart å 16,6 prosent, som er 5,2 prosentpoeng høgare enn tilsvarande kvartal i fjor. Odim hadde ein ordreinngang på 378 millionar kroner i andre kvartal, noko som bringa ordrereserven opp i om lag 1,7 milliardar kroner per. 30. juni. Dette er den høgaste ordrereserven i historia til Odim. I tillegg har Odim motteke nye ordrar i juli og så langt inn i august på til saman 60 millionar kroner. I løpet av andre kvartal har Odim jobba systematisk med å førebu den neste vekstfasen. Samtidig har konsernet hatt sterk fokus på prosjektgjennomføring og oppfølging av underleverandørane. I lys av det er eg svært godt nøgd med å presentere endå eit rekordkvartal med omsetning, margin og ordrereserve på eit historisk høgt nivå, kommenterer konsernsjef Jogeir Romestrand. Han er overtydd om at Odim har posisjonert seg rett i djupvassmarknaden, og han meiner vekstpotensialet framover er godt. Konsernsjefen slår fast at Odim har sterke vekstambisjonar for åra framover.