Saunesmarka: I Saunesmarka er entreprenøren Aurvoll og Furesund ferdige med grunnarbeidet på tomta til det nye næringsbygget til bergensfirmaet SiRo AS. Dei gir grønt lys for muring og bygging. Foto: Joar Drønnesund

Entreprenøren Aurvoll og Furesund frå Herøy, er ein av dei som har mange ballar i lufta. Du kan lett leggje til merke når du køyrer forbi på riksvegen til og frå Hareid, at Saunesmarka blir utvida med ei stor industritomt. Dagleg leiar Eivind Berge i Aurvoll og Furesund fortel at dei byrja på arbeidet med tomta i midten av november i fjor.

- Vi har hatt eit stort behov for å få ut all overskotmassen på området. Men det har fungert utmerkt godt, og massen har blitt fjerna i eit tilfredstillande tempo, fortel Berge. Dei er no ferdige med grunnarbeidet, og gir grønt lys for muring og bygging.

Industribygget på tomta skal gje hus til fleire bedrifter. Informasjonsleiar Rolf Hestness i bergensfirmaet SiRo AS, som har tinga bygget, stadfestar at det blir ei 2000 kvadratmeter industribygning som skal stå ferdig til sommaren.

Hestness vil førebels ikkje avsløre kven som får nytte seg av det nye bygget.

Byggjefelt i Vikemarka

Det er òg full aktivitet i det 6000 kvadratmeter store byggjefeltet som er oppført i Vikemarka. Arbeidet med feltet blei påbyrja desember, og skal etter planen ferdigstillast september i år. Berge konkluderar med at dei er i rute, og har god oversikt.

Ny Holsekerveg

Den nye innfartsåra til Ulsteinvik, som skal erstatte dagens Holsekerveg, er truleg Aurvoll og Furesund sitt største prosjekt nokon gong. Arbeidet byrja rett før jul, og dei er no inne i første del av byggjefasen. “Nye Holsekervegen” er eit tiltak frå Ulstein kommune, og teknisk leiar Arne Runar Vik seier at det vil verte ei krevjande oppgåve. Ein del av den nye vegen som skal strekkje seg frå Amfi-senteret og opp til området ved Ahlsell, vil stå ferdig oktober i år. Men vegen i sin heilskap er ikkje venta ferdig før første halvdel av 2013. Kommunen nyttar òg høve å leggje fjordvarme ned i vegen. Dette er ei framtidsretta løysing, der ein seinare kan opne for fjernvarme i øvre delar av Ulsteinvik. Denne kan tilkoplast eit framtidig sytem, eventuelt i Sjøgata.

Sjøgata

Det har vore ei kraftig auke på tilkøyrd masse til prosjektet i Sjøgata. Eivind Berge poengterar at dei er underentreprenør på prosjektet, og at det er Knut Myklebust som er hovudentreprenør.

Jostein Kiperberg i Borgstein AS slår fast at prosjektet no er i ein “akselarasjonsfase”. Fram mot påske skal området frå hotellet til moloen ved “Blåhuskrysset” fyllast att med masse, slik at alt er klart til første og andre byggjetrinn. Det er førebels uvisst når byggjinga vil starte opp. Der er fleire ting som må kartleggast på førehand, men viktigast er det at området er klart.

- Om ein skal rekkje å fylle på ønska mengd fram til påske, er det nødvendig med opptil 80 lastebillass kvar dag. Det blir ei intens tilkøyring med masse i Sjøgata framover, garanterar Kiperberg.

Entreprenøren Aurvoll og Furesund frå Herøy driv annleggsverksemd, og har Søre Sunnmøre som sin arena. Frå nyttår kan firmaet skilte med ein ordrereserve på 60 millionar kroner. 48 sysselsette er engasjerte i den daglege drifta.

Vikemarka: Arbeidet med byggefeltetet i Vikemarka er i gang og i rute. Foto: Joar Drønnesund
Sjøgata: Det trengst 80 lastebillass med masse kvar dag om dei skal greie å fylle ut ønska mengd i Sjøgata fram til påske. Foto: Joar Drønnesund