Vi kan vente oss ei helg med mykje vind, i følgje meteorogisk institutt. Førebels ser det ut til at det særleg på søndag vil blåse ein del, men at vinden ikkje vil ha samme styrke som sist tysdag, då nordvesten verkeleg tok tak enkelte stader.

Laurdagen startar i følgje met.no med frisk sørvest frisk bris utsette stader. På kysten aukar vinden på yil stiv kuling og vil kome opp i sterk kuling om ettermiddagen.

Søndagen ettermiddag vil vinden auke på til liten eller full storm, noko som kan hende vil vedvare utover natt til måndag. Måndag kan vi vente oss vestlig stiv til sterk kuling.

Det vert regn og regnbyger gjennom helga. Måndag vil nedbøren kome som sludd og snøbyger.