Årsaka er vêrtilhøva, melder Fjord1.

Det går til vanleg tre ferjer i sambandet. To av dei ligg no ved kai på Hareid, den tredje ligg i Liavågen.

Skipper på M/F Hadarøy, Jan Dragnes, seier det er umogleg å vite kva tid vinden spaknar slik at ferjene kan ta opp igjen ruta.

– Det er varsla at det skal roe seg utpå kvelden, men vi veit ikkje kva tid. Det er forresten ikkje her på Hareid det er verst, det er på Sulesund, seier han.

22.21 har Fjord1 kome med ei oppdatering der dei varslar at avgangen frå Hareid 22.30 går som normalt, men at dei vil bli tatt nye vurderingar utover kvelden.

I ei ny oppdatering 23.24 går det fram at det blir normal trafikk i ferjesambandet.

Her kan du følgje med på trafikkmeldingane frå Fjord1.