- Kva heiter desse karane då?

- Karsten! kjem det frå den eine karen. På brei siddisdialekt. Vebjørn! er svaret frå den andre.

- Men kvifor har de Hødd-skjerf når de snakkar Stavanger-dialekt?

- Fordi mormor er frå Ulsteinvik. Og vi har mykje slekt der!

- Ser de fram til showet då?

- Vi gler oss til kampen! Er svaret.

- Ikkje til showet?

- Jo. Begge deler.

- Kva blir resultatet då?

- 10.000 - 0 til Hødd!

Karsten og Vebjørn var av dei heldige som fekk stå heilt framme ved scena under familieshowet i Høddvoll-teltet på Youngstorget laurdag ettermiddag. Teltet var tettpakka med både vaksne og born.

Gamle og nye heltar

Komikar Fredrik Steen frå Ulsteinvik stod for leiinga av showet. Dei første han inviterte til scena var ulsteinordførar Jan Berset, dagleg leiar André Nevstad i Hødd og styreformann Bård Dalen i same klubb. Alle var sikre på siger i cupfinalen, og oppmoda folk til å kose seg dagen før dagen.

Tore Sæter frå Blaasarane varma opp publikum til cupfinalen med å terpe på heiarop. "Kom igjen Hødd - Heia dei blåe!"

Tidlegare barne-tv-vert Vilhelm Støylen frå Kvamsøya var nok det mest populære innslaget for dei små. Han spelte trekkspel, gjekk på line og var generelt heilt i hundre på scena.

Medan gursking og tidlegare Hødd-spelar Jan Åge Fjørtoft vart intervjua av Fredrik Steen på scena, kom ein kjent kar inn. Leif Per Moltubakk, revyfiguren til Ørjan Liavåg som alle på Søre Sunnmøre kjenner, hadde tatt turen til hovudstaden. Men ikkje for å gå på kamp. Han skulle nemleg på seminar i regi av Norges Taxiforbund på Lillestrøm.

Den nemnde Fjørtoft meinte elles at den oransje fargen (som tilhøyrer AaFK) er ute av bybildet, og at den er erstatta med blått og kvitt.

- Eg er så tradisjonell at eg framleis har slike meiningar.

Exposed to Failure avslutta showet med "Stolt på Ullevaal", cupfinalelåta som har over 20.000 visningar på nettstaden Youtube.