I Robek-registeret står kommunar som er oppført i Register for betinga godkjenning og kontroll. Per 31. juli er 49 kommunar oppførde i dette registeret, og Hareid kommune er ein av dei. På Robek-lista kjem kommunar med særleg dårleg økonomisk ryggrad. I følgje økonomiplanen til kommunen skal Hareid vere ute av Robek-registeret i løpet av 2008. Per. juni månad hadde Hareid kommune ein auke i skatteinntekter til “eigebruk” på 14,6 prosent. Den klart største prosentvise auken på Søre Sunnmøre. Men økonomisjef Svein Elde trur ikkje på nokon forsert utgang frå Robek -lista. – Programmet som regjeringa har innført inneber at når skatteinntektene blir betre enn venta, så trekkjer styresmaktene tilbake inntektsutjamninga som er innført. Vi får behalde berre 10 prosent av meirinntektene, forklarer Elde. Dersom det motsette skulle skje, at skatteinntektene blir dårlegare enn venta, blir inntektsutjamninga større. Elde understrekar at den gode skatteinngangen i kommunen er svært gledeleg. – God skatteinngang er eit bevis på at det går godt i Hareidssamfunnet, at bedriftene i Hareid går godt, og det gler vi oss sjølvsagt over, kommenterer han. Kommunen har no eit akkumulert underskot frå tidlegare år på om lag 4 millionar kroner som skal betalast ned i løpet av 2008. Elde opplyser at det i 2006 vart betalt ned ein god del. Robek-registeret vart oppretta i 2001, og då kom 57 kommunar med i registeret. Hausten 2004 var talet kome opp i heile 118 kommunar, men sidan har talet gått nedover. I august 2006 var det 73 Robek-kommunar. Og ved utgangen av juni i år var talet altså kome ned i 49 kommunar. Det lågaste sidan registeret vart innført.