På loftet på Hareid skule har Hareid skulekorps lagra korpsuniformer, instrument, notar, tombolavinstar og ymse anna utstyr. Men no skal skulen rivast, så korpset må finne seg ein annan stad å lagre utstyret sitt eit og eit halvt år frametter. Til no har ikkje korpset fått tak i ein eigna lagringsstad. Ronny Rønning, leiar i Hareid skulekorps, ber no lesarane av Vikebladet Vestposten om hjelp. Om nokon har eit loft, ein kjellar eller eit anna eigna lagringslokale dei kan låne vekk til skulekorpset, er det berre å ta kontakte med han. Kravet til lagringslokalet er at det er tørt og kan låsast av, for det er verdifulle gjenstandar det er snakk om som treng oppbevaring. Helst hadde korpset sett av lokalet ikkje var så langt ifrå Hareid sentrum, sånn at det er lett å få tak i gjenstandar når det trengst. Hareid skulekorps treng hjelp så fort som mogleg.