Arkivfoto frå eit tidlegare kommunestyremøte i Hareid kommune. Foto: Anne Gry Eilertsen

Hareid kommune har direkteoverføring frå kommunestyresalen når det er kommunestyremøte. Det har dei òg i kveld.

Saker som skal opp på møtet i kveld er felles PP-teneste på Søre Sunnmøre, høyringsuttale til strategi for Helse Sunnmøre og Innbyggjarinitiativet for tilbakeføring av rettar og grunneigedom i Indredalselva i Brandal.

Om du vil sjå politikarane diskutere desse sakene, kan du trykkje på lenka til høgre for denne artikkelen, under overskrifta Relaterte lenker.

Kommunestyremøtet byrjar klokka 18.00.