Statistisk Sentralbyrå trur lønnsveksten kan kome opp i heile 5,3 prosent, medan Norges Bank kalkulerer med fem blank. Skulle dette slå til, blir det eit gullår for norske lønnstakarar. For på toppen kan mange av oss innkassere solide bonusar og mykje overtid. Toler vi det? Toler nasjonen det? Vi må likevel ikkje så veldig langt tilbake før lønnsveksten i Norge var på over fem prosent. For i det herrens år 2002 auka lønningane våre i gjennomsnitt med 5,7 prosent. Kor mange av dei som gnei seg i hendene den gongen, visste at store delar av norsk industri, ikkje minst her på kysten, var på veg inn ein ordretørke av dimensjonar. Aldri har det vore snakka så mykje om utflagging og industridød i dette landet som i dei to neste åra - 2003 og 2004. Ein inntørka internasjonal marknad må bere mykje av skulda for problema i 2003/4. men lønnsveksten i åra før gjorde det ikkje lettare å kome forbi krisa. Ein lønnsauke på nesten seks prosent er utan tvil mykje, men i 2002 var inflasjonen i Norge høgare enn i dag. For no har vi nesten ikkje prisstigning. Det betyr at den såkalla reallønnsveksten, det vi eigentleg får igjen, blir svært høg i 2007. Rett nok er renta på veg oppover, men ikkje meir enn lønnsauken etter alt å dømme gjer at vi kjem betre ut - uansett. Historisk sett er likevel ikkje ein lønnsvekst på noko over fem prosent særleg rekordprega. Vi har hatt regime her i landet som har vore langt meir rundhanda. Då oljekrisa råka verda rundt 1973, fekk verdsøkonomien seg ein nedtur. Men her i landet vart det oppsving. Tankratane gjekk til himmels saman med oljeprisane. Reiarane kappast om å tinga nye skip. I verkstadindustrien var det mange smil å sjå. Arbeidarpartiet hadde mist veljarar under EU-kampen; no ville regjeringspartiet vinne dei tilbake: Ekspansiv økonomisk politikk, dyre reformer og veksande statsbudsjett. Låg rente og romslege kredittrammer freista kommunane til å ta opp store lån til diverse byggverk. Investeringane i Nordsjøen vaks over all fatteevne. Så bytte dei ut den nokså påhaldne inntektspolitikken med ein lauslivnad ein ikkje hadde sett maken til. I 1974 auka lønningane med svimlande 18 prosent, i 1975 med 20 prosent! Kunne nasjonen takle ei slik utskeiing? Kunne landet tole ein inflasjon på heile 10 prosent? Ja, i første omgang, for konkurrentlanda våre stelte seg ikkje stort betre. Enkelte sleit attpåtil med stagflasjon, altså inflasjon kombinert med arbeidsløyse og stans i produksjonsveksten. Det gjekk nokre år. Så med eitt var prisstiginga i Norge mykje høgare enn i dei fleste konkurrentlanda. Industriarbeidsplassane kvarv som aprilsnø i ei solhelling. I dag meiner økonomane at nasjonen toler lønnsveksten i 2007. Norsk økonomi vil tole dette trykket. Forskar Roger Bjørnstad i Statistisk Sentralbyrå er mellom dei som trur dette går bra. Han meiner Norges Bank ikkje treng rasle for mykje med rentesabelen trass i ein lønnsvekst på over fem prosent. – Ikkje berre vil nasjonen tole ein slik lønnsvekst; han er heilt nødvendig med omsyn til ein langsiktig stabilitet i norsk økonomi, konkluderer SSB-forskaren i samtale med Dagbladet denne veka. Norge treng ein nokså høg lønnsvekst fordi vi bruker så mykje oljepengar. Vi får altså i både pose og sekk her i landet. I den ferske rapporten til OECD om norsk økonomi får vi vite at globaliseringa verkar perfekt for oss. Vi kan skaffe oss billige varer frå utlandet, samtidig som vi i liten grad produserer varer som konkurrerer med lågkostland. No blir nok årets lønnsvekst høgare hos oss enn hos mange av konkurrentane våre. Likevel er ikkje SSB så bekymra for næringslivet: – Rett nok kan norske bedrifter tape delar av marknaden. Men marknaden veks, og dermed er det likevel store pengar å tene, meiner SSB-forskaren. Spørsmålet er likevel - i dag - som på 70-talet og i 2002: Kva skjer når marknaden byrjar å tørke inn? asle. geir@vikebladet.no