Utpå Ulstein er det gjeve dispensasjon frå reguleringsplanen sånn at utbygginga av to tomter kunne skje utan at vegløysinga vart utbygt. Regulert tilkomst til tomtene skal vere via tomtene til byggjefeltet Kolbeinhaugane. Roald Bygg hadde større planar om bustadbygging i området enn det dei fekk løyve til å byggje ut av kommunen. I april 2008 avslo kommunestyret framlegget deira til reguleringsplan for Gjerdet, der Roald Bygg ville oppføre 14 bustadhus. Sidan Roald Bygg berre har fått høve til å byggje på to av seksten aktuelle tomter, finn dei det sterkt urimeleg at dei skal koste (heile) den omtalte vegen. Vidare ser ikkje Roald Bygg reguleringsplanen for Gjerdet som ferdighandsama, og dei signaliserer at dei vil fremje planen (med eventuelle justeringar) på ny. Kommunen står på sitt Men kommunen står på sitt. Då planframlegget ikkje vart godkjent av kommunestyret, ser dei saka som ferdighandsama frå si side. Kommunen ser det som urimeleg at kostnadene med veg skal førast over på andre enn utbyggjar/tomtekjøpar og grunneigar. Kommunen ser ikkje prisen for veg som urimeleg. Driftsavdelinga antydar ein pris på 4000 kroner for meteren. Vegen som skal byggjast er 140 meter. Vidare argumenterer dei med at utbyggjarane har ført opp hus der dei er kjende med vilkåret og ventar å ha kjøpt tomter med ein tilkomstveg av vesentleg høgare standard enn det som er på gardsvegen som blir brukt i dag. Teknisk utval vedtok samrøystes å følgje tilrådinga frå teknisk sjef om at Roald Bygg må ferdigstille tilkomstvegen innan april 2010. – Ikkje slutthandsama Advokat Bjørn Kristian Hove har på vegner at Roald Bygg sendt brev til Ulstein kommune med klage på dette vedtaket. Han meiner at å avslå forslag til ny regulering ikkje er det same som å slutthandsame ei sak. Fram til det ligg føre ny regulering er det ikkje noko krav om å byggje ny tilkomstveg, påpeiker advokaten.
Nyhende →
Finn seg ikkje i å betale heile vegen
Roald Bygg AS har engasjert advokat for å klage på vedtaket i Ulstein kommune om at dei må koste tilkomstveg på Gjerdet.