Komande fredag blir det både italiens vin og mat ved Hareid Hotel. Eldar Hareide skal presentere vinane. Sjef ved grytene blir nok ikkje hotellsjef Wenche Jøsok, men saman med kokk Ole Kristian Sivertstøl har ho vore gjest i Italia hos vinbonde og kokk Luigi Brunetti, og dei har fått mange gode råd om korleis dei skal lage italiens mat. (Arkivfoto). Foto: Anne Gry Eilertsen

For fjerde gong får folk i regionen sjansen til å teste vinane til vinbonden Luigi Brunetti.

Eldar Hareide, som har hus i nærleiken av Brunetti utanfor Livorno, skal presentere vinane.

På vinkartet står seks vinar, to kvite, to raude, ein rose og ein spumante (sprudlande).

For folk som har vore med på vinsmaking før, kan Eldar Hareide opplyse at to av vinane ikkje har vore testa ved Hareid Hotel før, og at dei andre blir presenterte i nye årgangar.

I tillegg til vinane, blir det også italiensk mat og kose seg med. Kokken på Hareid Hotel, Ole Kristian Sivertstøl, var for nokre veker sidan til Italia og gjesta Luigi Brunetti, og på kjøkkenet hans fekk Sivertstøl mange gode råd om korleis den italienske maten bør lagast.