Johnny Bakken kjem opphavleg frå Hjørungavåg, men flytta til Vesterålen i 1994. Han er framleis kulturarbeidar på sin hals. – For meg er musikken si oppgåve å gjere verda til ein finare og betre stad å vere, seier Bakken. Mange har nok fått oppleve det brennande engasjementet han har som både songar, dirigent, kåsør og kulturmann. Han har mellom anna vore dirigent for både skulekorps og Ten Sing på Hareid. I tillegg har han vore innom fleire kor, deriblant Vox Virorum. Han har brei erfaring med song og musikk og har sunge heile sitt liv. For tida er han dirigent for tre kor i Vesterålen, eitt av dei er Sortland mannskor.
Populært program
På trass av at Sangtimen går tidleg søndag morgon, klokka 8, har det vorte eit populært program på NRK som rundt 15–20 prosent av befolkninga høyrer på kvar veke. – Norsk musikk er i fokus. Eg ser på dette som ei motvekt til mykje av det andre dei sender på radioen, seier Bakken. Han synest det er kjempekjekt å få vere med. I dette programmet får han boltre seg ein halvtime med songar som betyr noko for han. – For meg er dette samstundes ein sjanse til å få seie noko om verdiar. I samfunnet har mange vorte meir egoistiske for å kome seg fram her i livet. Eg håper raus kan verte det nye moteordet, seier han.
Fine melodiar
I programmet vil Bakken mellom anna fortelje om møta han hadde med Odd Kåre Rabben som kom frå Moltustranda. Vi kan også avsløre at Johan H. Grimstad sin melodi "Høgt frå den himmelske klåra" vert eit av innslaga. – Dei fleste forbind meg nok med korsong, men det er ikkje korsong som får dominere i programmet. Eg kjem til å leggje vel så mykje vekt på viser, fortel han. Johnny har eit motto som musikar: – Det som kjem frå hjartet, når fram til hjarte, seier han. Målet er naturlegvis å framføre musikk med så god kvalitet som mogleg, men det er inga krise om det kjem ein sur tone innimellom. Det viktigaste er at det kjem frå hjartet. Programansvarleg for Sangtimen, Nils Abrahamsen, gler seg til søndag. – Det er ei glede å ha denne entusiastiske sunnmøringen/vesterålingen som gjest for andre gong, seier Abrahamsen. Det vert nok fleire i vårt område som skrur på radioen til søndagsfrukosten.