Foto: Joar Drønnesund

Etter eit tips frå publikum blei det kjent for avisa at ein bil hadde hamna på taket på Sundgotvegen i retning mot Dimna 12-tida fredag.

Det var ingen tilstades på ulukkestaden då me kom dit, og det var heller ingen teikn på personskadar.

Ulukka skjedde i ein sving mellom avkøyrslene til Gardsholvegen og Hasundvegen nær Dimnakrysset.

Bilen er ein sølvgrå Suzuki.

Her ligg Suzukien på taket. I bakgrunnen ser du riksvegen og avkøyrsla til Gardsholvegen. Foto: Joar Drønnesund