Blåtinden barnehage i Haddal. (Illustrasjonsfoto).

Levekårsutvalet i Ulstein kommune har bede om ei orientering om det samordna barnehageopptaket 2010/2011. Samstundes lurer dei på kva som skal til for å få reell barnehagedekning. Barnehagekonsulent Nina Elisabeth Hovden kan opplyse om at det innan fristen 3. mars kom inn 161 søknader om barnehageplass frå hausten 2010. Av desse var det ein del som har plass, men som gjerne vil bytte barnehage. Men oppvekst- og kulturkontoret prioriterer born som treng ny barnehageplass føre born som har plass. Av dei 33 borna som søkte om plass i annan barnehage var det 23 som fekk det innvilga, 10 fekk det ikkje. Det er fire som har takka nei til plassen dei har fått. Det heng saman med flytteplanar eller forlenga permisjon. Om lag 95 søkjarar fekk tilbod om barnehageplass i den barnehagen dei hadde som førsteprioritet. Av dei 39 borna som står på venteliste, er det berre fem som ikkje har plass. Desse søkte etter fristen. To av dei ønskjer ikkje plass før 1. januar neste år og ein av dei bur i Hareid kommune. Om politikarane ønskjer at barnehagane skal ha fleire ledige plassar, er dette noko som vil koste kommunen pengar og må inn i seinare budsjett. Saka skal opp i levekårsutvalet tysdag 4. mai.