Sjøsida i Ulsteinvik blir no utfylt. Dette biletet vart teke i haust. Foto: Anne Gry Eilertsen

Idéen om å utvikle Ulsteinvik sentrum ved å fylle ut delar av hamnebassenget vest for Sjøgata går langt tilbake i tid.

Etter ein arkitektkonkurranse godkjende Ulstein kommunestyre i februar 2005 ein avtale med Borgstein AS (seinare Ulsteinvik Utvikling der fleire lokale drivkrefter er representert) om regulering og utbygging av utfyllingsområdet langs Sjøgata.

Mykje har skjedd sidan den tid. Kommunen og initiativtakarane var gjennom ein lang og krevjande prosess med Kystverket, den er no over.

I reguleringsplanen står det at Sjøgata må få såkalla MPG-løysing (miljøprioritert gjennomkøyring) med gangfelt og rundkøyring må vere på plass før det utbygde området kan takast i bruk. I åra etter reguleringssaka var klarert, har kommunen arbeidd for at fylket skal prioritere dette vegstrekket. Det ser no ut som dette snart løyser seg, men endeleg fylkestingsvedtak står att. Fylkestinget er samla til møte april 2012.

Nye moment og fristar

Den nye avtalen skal konkretisere rettar og pliktar i avtalen frå 2005.

Ulstein kommune har signalisert at dei vil kjøpe seg inn i bygningsmassen. Det er snakk om at utbyggjarane skal vere med å spleise på rundkøyring og oppgradering av veg, i lag med fylket og kommunen. Og det er mellom anna snakk om at utbyggjarane skal løyve 500 000 til den planlagte Saunesparken bortafor hotellet. I framlegget til avtale står det at Ulsteinvik Utvikling AS vil med denne utbygginga medverke til at fjernvarme for sentrum blir realisert.

Ulstein formannskap skal gjere si tilråding i saka tysdag 24. januar, før kommunestyret gjer endeleg vedtak.