Våren 2008 vart Thorvald Grønli frå Personalomsorg as tilsett som prosjektleiar i halv stilling. Ved hjelp av to lokale bedriftsprosjektgrupper sette han i gang eit omfattande arbeid på dei tre verfta.

Tanken var at dei hadde ganske like utfordringar. Stor aktivitet, mange oppdrag og stor arbeidsinnvandring førte til at verfta på få år var blitt ein multikulturell arbeidsplass. Det endra krava i kvardagen relativt mykje. Til dømes vart det store behov for god kommunikasjon, for samhandling, miljøtenking og dei såg større trong for tryggleiksarbeid.

Prosjektet har no vore gjennomført og lista med tiltaks om har vore utført er lang. Mellom anna har dei innført ein årleg “Safetyday” for alle tilsette. Det er arrangert tre fotballturneringar og det har vore katolske gudstenester tilrettelagt for polskspråklege i lokalmiljøet. Så spennet er stort.

Prosjekteigarane har tru på at fleire arbeidsplassar i regionen kjenner til utfordringar med det nye arbeidsmiljøet, og deler gjerne av erfaringane sine. Dei håpar på samarbeid med både næringsliv og kommunane.