Ulstein betongindustri i Haddal skal stå for bygginga av nye bustader på Utstillingsplassen i Ålesund, skriv Sunnmørsposten. I blokka skal det bli 26 leilegheiter. Dei dyraste vil koste fem millionar kroner. Føresetnadene for å kunne setje i gang er at byggjesaksutvalet i Ålesund kommune seier ja på møtet i slutten av januar, og at mange nok kjøparar melder seg interesserte, opplyser sivilarkitekt Ola Kibsgaard-Petersen. Bustadprosjektet vart lagt ut like før jul og får adresse Storledbakken 1, der drosjehaldeplassen står i dag. I utgangspunktet var det Ola Kibsgaard-Petersen og Sindre Moldskred som utvikla prosjektet, og dei har oppretta firmaet Bo i by as, til å gjennomføre bygginga. Dei som kjøper seg inn må stille med minst 30 prosent eigenkapital. Dei minste leilegheitene kjem til å koste under ein million kroner, medan dei største på over 100 kvadratmeter, med 75 kvadratmeter balkong, kjem på fem millionar kroner. Dei fleste leilegheitene blir på 50-60 kvadratmeter.