Dei rundt 20 år gamle mennene har vore tilsette som gjestearbeidarar under norsk leiing i Herøy sidan nyttår, og har etter alt og døme nytta mykje av tida sidan det til nasking. Ved Herøy og Sande lensmannskontor er politiførstebetjent Hilde Aglen i sving med den omfattande oppgåva å freiste å spore tjuvegodset tilbake til dei rettemessige eigarane. Det er vanskeleg å seie nøyaktig kor store summar vi snakkar om, men skal eg gjere eit grovt overslag vil eg anslå at det dreier seg om varer for minst 60.000 kroner, seier ho til Vestlandsnytt. Litauarane har stole alt frå matvarer, pils og artiklar for personleg hygiene til kostbare moteklede, sko, sportsutstyr og elektroniske artiklar. Nokre av varene er enkle å spore, medan mykje vil krevje litt grundigare innsats, men Aglen har håp om at i alle fall mesteparten av tjuvegodset skal finne vegen tilbake dit det høyrer heime. Litauarane vart etter avsløringa tildelte kvar si solide bot, før dei laurdag vart sende ut av landet, skriv Vestlandsnytt.