Trine Skei Grande besøker Møre og Romsdal.

I haust har Venstre gjennomført ein bedriftskampanje. Om lag 500 bedrifter er blitt besøkt, og i Møre og Romsdal har partiet besøkt i underkant av 50 bedrifter.

Trine Skei Grande vil no vitje fleire av desse bedriftene. Dessutan skal ho på skulebesøk, besøke ein sjukeheim, og det blir folkemøte i Ålesund og Kristiansund.

Formiddagen måndag 1. november skal Grande til Ulsteinvik der ho ifølgje pressemeldinga skal besøke Global Enviro. Etter lunsj på Kaffi Kari held fram turen til Ålesund der ho skal besøke fleire forretningar i Apotekergata og Kirkegata.

Om kvelden blir det folkemøte på Teaterfabrikken der småbedrifter og gründerar er tema. Tysdag morgon held fram turen til Molde.