Det er Tide Sjø som opererer sambandet mellom Larsnes, Åram, Voksa og Kvamsøya. Som representantar for den maritime industrien vurderer Mafoss bilferja som ein skandale: - Det å garantere at Kvam skal bli frisk og vere operativ, er det ingen som lenger trur på. Båtens sjukdom er uhelbredeleg og kan ikkje lækjast, og dette må dei ansvarlege personar i Tide forstå, skriv Mafoss-leiar Terje Høybakk i eit brev til Tide Sjø. Høybak valde å gå ut med eit brev etter at "Kvam" fekk nye vanskar etter nyttår - etter å ha vore ute av drift ei rekke gonger tidlegare. Mafoss minner om at dei har medlemsbedrifter med tilsette som nyttar det aktuelle ferjesambandet. "Kvam" vart bygd ved Bolsønes Verft i Molde i 1977 og har ein personbilkapasitet på 50.
Nyhende →
"Kvam" er uhelbredeleg, meiner Mafoss
Maritim Foreining For Søre Sunnmøre (MAFOSS) engasjerer seg no i problemferja "Kvam" i rute 1 i Sande. Mafoss meiner Kvam er "uhelbredeleg" og at ho må erstattast med anna materiell.