Fredag var Simen Notøy Brandal (10) innom redaksjonen. – Eg synest det er trist at Skollebakken skal leggjast ned, seier Simen. Han gjekk sjølv i barnehagen då han var liten. – Det var koseleg å vere der, og eg hadde mange venner der, fortel Simen. Om politikarane No går Simen i 5. klasse, og det er dermed nokre år sidan han slutta i barnehagen. Likevel er han innom av og til. – Eg er onkel til ein gut som heiter Daniel, og han går i Skollebakken. Innimellom stikk eg innom og leikar med dei, forklarer Simen. Han skulle ønske at Daniel og andre barn fekk halde fram med å gå i Skollebakken. – Politikarane bruker alltid å seie at barna er viktige, men så gjer dei noko anna når dei skal bestemme ting, meiner Simen. Han går med ein liten politikarspire i magen. Kven veit? Kanskje dukkar han opp i kommunestyret når han vert vaksen?
Nyhende →
Skuffa over at Skollebakken vert lagt ned
Torsdag kveld bestemte fleirtalet (14 mot 10) i kommunestyret at Skollebakken skal leggjast ned frå sommaren.