I løpet av helga har politiet fått melding om tre tjuveri i Herøy. Rundt klokka 05.00 natt til søndag varsla ei ung kvinne at mopeden hennar var stolen i Fosnavåg. Mopeden har registreringsnummer UJ 5077, og politiet tek gjerne imot tips. Laurdag i 18.30-tida parkerte ei kvinne bilen sin ved ei busslomme på Frøystad. Då ho skulle hente han klokka 22.30 oppdaga ho at eit av vindauga var knust, og at ei veske som låg i bilen var fjerna. I veska låg 100 kroner i kontantar og fleire kredittkort. Det er mistanke om at det eine er misbrukt. Også fredag kveld vart det stole frå ein bil i Herøy. Ein mann hadde sett frå seg bilen i Fosnavåg sentrum rundt klokka 19.30. Då han kom tilbake klokka 20.00 hadde nokon vore inne i bilen og rappa med seg ein Kenwood CD-spelar.