Styreleiaren i Hareid næringsforum har vore i Marokko i ei veke, og opplyser at han fekk hakeslepp då han kom heim og gav seg til å pløgje gjennom utgåvene av Vikebladet Vestposten som han ikkje hadde fått lese på ferie. Eg vart rett og slett deprimert då eg såg kva omfang saka hadde fått i pressa. Ho har kome fullstendig ut av dimensjon, meiner Grimstad. Han hevdar at dersom Hareid næringsforum på førehand hadde blitt informert om at Sanzibar hadde planar om både utsal og kafe i Vådalhuset, så hadde aldri brevet frå næringsforumet til Hareid kommune blitt sendt. Eg vil vere den første til å slå ring om Sanzibar med den aktiviteten dei no skisserer, tek han opp att. Grimstad understrekar at formuleringa om reversering i utviklinga av handelen i Hareid sentrum, var skriven fordi dei ikkje kjende til at dagsenteret skulle ha utsal og kafe i Vådalhuset.

Paddeflat

Det er for mange lokale i første etasje av Kjøpmannsgata som ikkje blir brukte til handel og service. Ei av oppgåvene til Hareid næringsforum er å passe på at husa ikkje blir tekne i bruk til anna type verksemd, forklarer han. Til dei som har tolka utsegna om "reversering av handelen i Hareid" i verste meining, har Grimstad følgjande melding: Eg legg meg flat og ber om orsaking. Paddeflat. Viss nokon meiner eg skal be om orsaking så gjer eg det gjerne. For ordens skuld: Vikebladet Vestposten prøvde to gonger å ringje Oskar Grimstad for ein kommentar medan han var på ferie. Men fekk ikkje kontakt.