Det ligg an til at vi får litt snø allereie i kveld og natt, melder meterologitenesta Yr.no

Nordavind gjer at temperaturen vil ligge rundt null grader frå fredag og utover helga, fram til søndag formiddag. Då vil vinden på nytt dreie til sørvestleg og temperaturane vil stige.

Den som hadde tenkt seg på skitur på søndag må med andre ord helst gjere denne unna før frukost.

Det er meldt regn og mildt heile neste veke.