I brev av 5. november frå Hareid kommune har Ulstein Marine Technology AS fått løyve til å fylle ut sandstranda på sørsida av søre molo på Hareid.

Vedtaket er eit forvaltningsvedtak og kan påklagast til Fylkesmannen innan tre veker.

Ca 75 prosent blir fylt  ut

Ikkje alt skal fyllast ut, går det fram av utfyllingsplanen. Om lag halve «vika» skal fyllast ut til ei toppfylling på 2,5 meters høgde. På den siste halvdelen ut mot fjorden er det lagt opp til utfylling berre på den sida som Ulmatec har fylt ut før. Den andre halvparten, mot moloen, skal ikkje fyllast ut i denne omgangen. Frå Hareid kommune blir det opplyst at årsaka er at det skal kome eit kloakkreinseanlegg i området.

Løyvet er gitt etter plan- og bygningslova av 27. juni 2008 nr. 71, § 20-1 – og gjeld «Nytt anlegg - vesentleg terrenginngrep».

Søknaden for tiltaket vart sendt 14. juni i år og var komplett for sakshandsaming 13. august. I gjeldande reguleringsplan for Elvebakken er eigedomen regulert til «byggeområde – forretning – kontor og off. veg/gate». Hareid kommune har vurdert at det ikkje trengs dispensasjon frå dette då kommuneplanen har definert området til «industri» og ei regulering i samsvar med dette er under oppstart.

Det står elles i utfyllingsløyvet at området i hovudsak er utlagt til trafikkareal, men at dette ikkje nødvendigvis er i strid med kommuneplanen sitt industri-formål.

Det ligg ikkje føre merknader frå naboar eller gjenbuarar til ei rekommandert nabovarsling av 12. august.

Er tiltaket ikkje sett i gang seinast 3 år etter at løyvet til tiltak er gjeve, fell løyvet bort. Det same gjeld dersom tiltaket vert innstilt i lengre tid enn 2 år.