Ulstein og Omegn Sykkelklubb har søkt Ulstein kommune om å etablere ein terrengsykkelpark mellom Anholen og Hovsetlia. Området vest for Vikelva er tenkt nytta til 2-4 sykkelstiar med ulike vanskelegheitsgrad.

Sykkelklubben vil også nytte eksisterande stiar langs elva, og arealet nærast krysset aust for Hovsethaugen kan takast i bruk som ferdigheitsområde. Søraust for Vikelva ønskjer sykkelklubben å etablere eit såkalla "pumpbane", ei kupert bane som går i ring til bruk for terrengsykkel/bmx.

Men før sykkelklubben kan byggje dette treng dei få inn ein del tilskot. I første omgang vil dei prioritere pumpbanen. Men før dei går igang med dette, vil dei få lovnad frå Ulstein kommune om at dei har bruksrett på området i 20 år, det er også eit krav for å motta tippemidlar.

Ulstein og Omegn Sykkelklubb har knytt seg til Ulstein vidaregåande skule og Sunnmøre Folkehøgskule. Dei ser føre seg å nytte sykkelparken i undervisning.

Positiv administrasjon

Saka skal opp i levekårsutvalet og teknisk utval. Teknisk utval skal sjå på saka no på torsdag. Administrasjonen er positiv til tiltaket. Sykkelparken er noko som vil aktivere både born, unge og vaksne. Dei rår utvala til å nytte delar av området til sykkelpark. Men dei rår til at etablert sti aust for Vikelva ikkje blir opparbeidd til sykkelsti, då denne er er i dagleg bruk til gangtrafikk. Dei vil heller ikkje at arealet nærast krysset aust for Hovsethaugen ikkje blir nytta, for det vil verke forstyrrande for dei vegfarande og føre til redusert trafikktryggleik i krysset.

Før kommunen kan ta endeleg stilling må tiltaka søkjast om etter plan- og bygningslova, og saka må sendast ut til nabovarsel.

Bruksretten for arealet føreset at det blir gjrot ein formel leigeavtale med Ulstein kommune.