Kvart år publiserer Statistisk sentralbyrå (SSB) tal og tabellar som viser omfanget av kriminalitet for kvar kommune. Byrået offentleggjer tal som viser gjennomsnittet av dei to siste åra, då dette gir eit best mogeleg bilete av situasjonen på kommune-nivå. I dag kan vi avsløre at Ulstein kommune er nummer 305 av dei 428 kommunane på «Kjeltring-Toppen». Hareid er nummer 207.

Mengda lovbrot i Ulstein

- Med desse tala ønskjer vi å seie noko om det registrerte kriminalitetsnivået frå år til år, opplyser ssb.no. Lovbrota er registrerte der som brotsverka har funne stad, og ikkje kor lovbrytaren har bustad.

Tala viser at det blei meldt i snitt 276 brotsverk i Ulstein i kvart av åra 2013 og 2014. Då har vi med alle lovbrotsgrupper. Alt frå vald og trafikkriminalitet, via narkotika og vinningsbrotsverk til seksualbrotsverk og miljøkriminalitet. Innanfor kvar lovbrotsgruppe er det ei rekkje underkategoriar, men i denne saka er altså alle lovbrot slått saman. - Statistikken omfattar ikkje dei brotsverka mot vegtrafikk- og tollova der reaksjonen forenkla førelegg er ilagt, opplyser SSB.

I Hareid ble det meld i snitt 226 brot per år. I heile Noreg var det eit årleg gjennomsnitt på 380.307 melde lovbrot i kvart av desse to åra.

Nedgang

Det har vore ein særs positiv utvikling i kriminalstatistikken i Noreg dei siste to åra, og spesielt i fjor. SSB opererer med årlege tal på landsbasis, og kan melde om ein nedgang på heile 4,2 prosent i fjor. Det er likevel fyrst og fremst Oslo som står for den reelle nedgangen.

- Tek vi høgde for befolkningsutviklinga, er omfanget av melde lovbrot no lågare enn i alle tidlegare år vi har samanlignbar statistikk, som er frå 1993, kan byrået fortelje.

Men her i fylket har det vore motsett. Det var eit snitt på 11.504 brot, som er 159 fleire enn sist.I Ulstein har det blitt derimot blitt fem fleire innmeldingar per år i perioden. Det gir ein auke på knapt to prosent. I Hareid har det vore ein auke på heile 34 rapporterte lovbrot per år i den aktuelle perioden, som tilsvarer ein vekst på heile 18 prosent her. Det er verkeleg motstraums.

Per tusen

- Politiet sine ressursar og prioriteringar og folka sin tilbøyelighet til å melde lovbrot har stor betydning for kva handlingar som blir ein del av kriminalstatistikken, minner SSB om.

Det er ein del kommunar øvst på «Kjeltring-Toppen» som ligg der av naturlege årsaker - og som strengt tekne ikkje fortel noko om krim-situasjonen blant innbyggjarane eller på staden. Det gjeld mindre kommunar med tollstasjonar, anten ved landegrensene eller i samanheng med båthamn eller flyplass. Dessutan vil småkommunar med stor gjennomgangstrafikk kome høgt opp på grunn av trafikkriminalitet som finn stad innanfor kommunegrensa. Når ein tek bort desse elementa er det vinterdestinasjonen Hemsedal som toppar statistikken i Noreg, med heile 172 årlege meldingar per tusen innbyggjar. Den vesle kommunen Kvitsøy i Rogaland får æra av å vere Noreg sin snillaste kommune, med berre 9,4 meldingar per tusen innbyggjar.

Snillast i Møre og Romsdal

Gjennomsnittet for heile Noreg i dei to siste åra er 74,4 lovbrot per tusen innbyggjar per år. I Ulstein kommune var det eit årleg snitt på kun 34 lovbrot per tusen innbyggjar, mens Hareid landet på 45 per tusen. I Møre og Romsdal er det Ålesund som kjem øvst med 69 per tusen, etterfølgde av Kristiansund med 65,5 per tusen og Molde med 57 lovbrot per tusen bebuar. Den snillaste kommunen i fylket er Sandøy, som berre hadde 12,5 lovbrot per tusen. Midsund kommune er ikkje så ille heller, med dryge 15 per tusen.