- Har ikkje julenissen kome til rette igjen innan få dagar blir dette meldt til politiet. Eg har allereie vore i kontakt med dei, men ventar med å melde tjuveriet i håp om at den eller dei som har gjort dette tek til fornuft. Den eller dei skal få ein sjanse, det er trass alt jul snart, seier Roar Dahlen, som er butikksjef ved Europris-butikken i Ulsteinvik.

Natt til søndag har tjuveriet funne stad. Det veit butikksjefen fordi dei som stengde butikken laurdag kveld såg julenissen framleis stod der då gjekk frå jobb, og han sjølv såg den var vekke då han var innom arbeidsstaden søndag formiddag.

- Det var berre vifta og lyskastaren vi hadde montert inne i nissen som stod igjen. Dette er reinhekla hærverk. Anten ligg han slengt i ei grøft ein plass, eller så er det nokon som har hatt det "moro" og tatt han med seg heim. Dette er ikkje moro i det heile, det er tjuveri, seier Roar Dahlen.

Det er montert overvakingskamera utanfor butikken, men med tanke på vinkelen er det vanskeleg å sirkle ut ein spesifikk bil, meiner Dahlen.

- Dette har skjedd ein gong mellom klokka to-tre natt til søndag, og då eg kom på jobb søndag, seier Dahlen.

- Lågmål

Det er likevel ikkje første gong freistinga har blitt for stor. For berre for to veker sidan hadde nokon dradd unna nokre pallar nissen stod på slik at den velta. Denne gongen fekk den bli igjen på parkeringsplassen utanfor butikken. Butikksjefen fortel at dei har hatt denne nissen i fleire år, men at det først er i år det har blitt gjort noko med den.

- Dette er jo så unødvendig. Vi set opp denne nissen til glede for borna, og vi har sett mange familiar som har tatt bilete ved sidan av nissen. At nokon har hatt det kjekt og øydelagd for andre er småleg. Det er lågmål det som har skjedd no, seier Roar Dahlen og legg til:

- Dette er slikt som øydelegg julestemninga. Ikkje ta det du veit høyrer til andre. Dette blir for dumt.