Arnt-Ivar Berg om ankesaka til Ulstein kommune:

Både ein av lagrettsdommarane og psykiatriprofessor Trond Heir oppmoda partane om å snakke saman i pausane, og om mogleg kome fram til eit forlik. Dette er ei sak som ikkje høyrer heime i rettslokalet, uttalte Heir. Før siste dag i Frostating lagmannsrett hadde partane snakka saman. I dommen frå Sunnmøre tingrett vart han tilkjent ei erstatning på til saman 2 mill. kroner. Men Flø og advokaten hans foreslo for Ulstein kommune å gå ned til 1,2 mill. kroner. Dette ville ikkje kommunen godta. Dei ville ikkje betale meir enn vel 750.000 kroner. Og dermed heldt ankesaka fram. Ulstein kommune vil seie frå seg alt ansvar for at Glenn Børge Løset Flø vart mobba i grunnskulen.

– Det handlar om omsorg

– Dette synest Arnt-Ivar Berg frå Dimna er trist.

– No bør Ulstein kommune krype til korset og godta forslaget om forlik. Eg har følgt med saka gjennom media og forstår at Ulstein kommune er redde for presedens, men eg synest ikkje det skal gå ut over Glen Børge, kommenterer Arnt-Ivar Berg, og legg til:

– Som innbyggjar i Ulstein ønskjer eg ikkje å bu i ein kommune som behandlar folk på ein slik måte. Til sjuande og sist handlar dette om omsorg, og vi kan ikkje late prinsipp gå ut over dei svakaste. Mobbing er ikkje akseptabelt i det heile, og kommunen må ta ansvar, seier Berg. Han synest ikkje ein eventuell «Ulstein-dom» i Høgsterett er noko å vere stolt over.

Treng 300 underskrifter

Berg har no starta eit innbyggjarinitiativ, og håper på å få dei 300 underskriftene som må til for å få saka opp i kommunestyret. Ei sak som då vil tilrå at Ulstein kommune godtek tilbodet frå Glen Børge Løset Flø om ei erstatning på 1,2 millionar kroner.

Oppropet ligg ute på nettstaden www.opprop.net/mobbesak

– Eg forstår at det kan vere vanskeleg for både kommunetilsette og til dømes lærarkollegaer å skrive under på dette oppropet, men eg vil oppmode dei som synest skulesystemet har svikta Glen Børge om å skrive under, seier Arnt-Ivar Berg.

– Nokon må gå i «krigen». Eg synest det er fælt å vite at han blant anna vart slått med våte handdukar og sperra inne mellom to fotballmål og spytta på. Kommunen må ta ansvar, sjølv om ikkje alt skjedde i skuletida.

Dom i saka er venta om ca. fire veker, så det hastar med å få dei 300 underskriftene.

Glen Børge er takksam

Glen Børge Løset Flø seier i ein kommentar at han er takksam for initiativet til Berg. Han går ikkje mykje ut i Ulsteinvik, berre tidleg på morgonen, men fortel at han har fått lykkønskingar dei gongene han har vist seg både i Ulsteinvik og på Hareid. Flø er no komen tilbake til Bergen og studiane.