Opningsfilmen på Dokumentarfilmestivalen i Volda er laga av ein lokal regissør. Filmen Eit kjærleiksbarn er regissert av Leikongaren Ida Kleppe, som bur i Bergen.
- Du kan ta jenta vekk frå Leikong, men du kan aldri ta Leikong vekk frå jenta, kommenterer Ida Kleppe.
Homofil, einsleg og lyst på barn
Onsdag 22. april opnar Dokfest i Volda, og Pandora-filmen ”Eit kjærleiksbarn” vert årets opningsfilm. Filmen handlar om Torstein, og hans kontroversielle val i høve det å starte ei familie.
Torstein er homofil, einsleg og driv hotell og restaurant på ei lita øy sør for Bergen. No skal Torstein bli pappa: Han har fått ei venninne til å bere fram eit barn for han, og ho har gitt han barnet og alt ansvaret - åleine.
- Dette er ein film om det eit lite øysamfunn tenkjer om eit barns beste, om utradisjonelle val og om det som står i skrifta. Men mest av alt handlar det om kjærleiken mellom ein far og ei dotter, fortel Kleppe.
Filmen får fjernsynspremiere på TV2 mandag 4. mai klokka 22.40.
Ida Kleppe likar seg godt på filmfestivalen i Volda, der ho tidlegare har vist dokumentarfilmane ”Bekken”, ”Lykkens Ansikt”, ”Europas Bakgård” og ”Draumen”, og ho kjem sjølvsagt til å vere i Volda under festivalen.
Må eit barn for ein kvar pris ha to foreldre?
Kva er viktigast: At eit barn er ønska og elska, eller at det for ein kvar pris har to foreldre?
Torstein hadde lyst på barn, men løysninga var ikkje opplagt. For Torstein er einsleg homofil.
Det er stadig fleire vaksne som nyttar svært utradisjonelle metodar for å få barn. Torstein fikk ei venninne til å bere fram eit barn for han. Ho gav han barnet og alt ansvaret - ålene. Slik startar livet til Konstanse...
Synopsis:
I filmen følgjer vi Torstein frå tida då han ventar på at dottera Konstanse skal bli fødd, til ho er eit år. Vi er med på kvardagslivet i den vesle familien, og ser korleis dei to forheld seg til samfunnet på den vesle øya Tysnes på vestlandskysten. Torstein driv Haaheim Gaard; ein historisk gard med hotell og restaurant, og har eit travelt liv alt før babyen er fødd.
Vi følgjer med på Torstein sine prioriteringar og korleis dei forandrar seg: Frå å vere ein alltid arbeidande gründer med åleineansvar for hotell, restaurant og selskapslokale, tilpassar han seg kvardagen med eit spedbarn. Eit liv med nattevåk, bleieskift, utallege bekymringar og kjærleik utan atterhald.
Renate, som har født babyen og har gitt alt foreldreansvar til Torstein, er også med i filmen. Før fødselen er Torstein redd for at ho skal bryte dei avtalene som er inngått, og som pappa har han få rettigheiter.
- Vi vil ta opp dei spørsmål som publikum naturleg nok vil sitje med: Er det mulig at Renate kjem til å angre, og vil ho ha Konstanse tilbake? Kva for relasjon skal Konstanse ha til Renate og hennar familie? Kva om Konstanse vert mobba på skulen fordi far hennar er homofil?