Politiet melder om at det rundt klokka 01.00 i natt vart meldt om brann i eit hus i Fosnavåg, og at naudetatane rykte ut. Det var ein person i huset då brannen vart oppdaga. Han vart tatt hand om av helsepersonell, og var uskadd.

Klokka 01.30 hadde brannmannskapet kontroll på brannen, som har starta i eit kjellarrom.

Huset har fått ein del røyk- og brannskader.

Brannårsaka er framleis ukjent. Huset er avsperra  og politiet skal starta åstadgransking.

Personen som budde i huset er tatt hand om av slektningar.