Det var i Eiksund at drikkevatnet skifta farge tysdag kveld. Fleire av abonnentane ynskjer eit svar på kvifor det er misfarga.

Snarleg ordning

– Vi har hatt ein del aktivitet på vassleidninga til Eiksund i dag, der vi har gjennomført ei spyling av leidningen, fortel avdelingsleiar Odd Kåre Wiik onsdag.

Grunna mykje nedbør blir vatnet til Eiksund grumsete og brunt. Vasskjelda er elva gjennom Ringstaddalen på Haddal.

– Dette har vore eit vedvarande problem, som får ei snarleg løysing. Abonnentar i Eiksund og Haddal skal koplast over til Garnesvatnet, som er blant ei av dei beste drikkvasskjeldene i fylket. Så her har dei noko å sjå fram til. Eg tør å ikkje setje noko dato enno, seier Wiik.

Vatnet har allereie kome til Haddal, men her må abonnentane vente på ein trykkaukestasjon før tilbodet om drikkevatn frå Garnesvatnet er optimalt. For busette i Eiksund kjem dette på plass etter kvart.

– Då blir det slutt på brunt vatn i Eiksund. Vatnet frå Garnesvatnet hentar vi frå djupna, der vatnet er klart og fint, avsluttar Wiik.