Den samla folkeveksten i Ulstein i 1. kvartal var på 111. Folketalet kom dermed opp i heile 7.163, trass i at kommunen sitt fødselsoverskot i nemnde periode var på berre 7. Dei andre kommunane på Søre Sunnmøre hadde slik folketalsutvikling i 1. kvartal: Ørsta 10.230 (+ 30) Volda 8.543 (+ 34) Herøy 8.362 (+ 13) Hareid 4.825 (+ 8) Vanylven 3.484 (- 10) Sande 2.526 (- 15) Fleire fødslar i Hareid enn i Ulstein Vi merkar oss frå statistikken at det vart født fleire barn i Hareid enn i Ulstein i 1. kvartal - ein overraskande tendens vi også registrerte på slutten av fjoråret. Hareid hadde 19 fødslar mot 18 i Ulstein. Også Herøy hadde 19 fødslar i 1. kvartal. Både Ørsta og Volda hadde 33 fødslar, medan Vanylven hadde 6 og Sande 4. Innvandring er "motoren" i folketalsutviklinga Folketalsutviklinga er framleis sterkt prega av innflytting frå utlandet. Heile Møre og Romsdal hadde 832 innflyttingar frå utlandet i 1. kvartal, medan 143 flytta frå fylket til utlandet. Fylket hadde ein samla folkevekst i 1. kvartal på 631. Utan innflyttingsoverskotet frå utlandet ville folketalsutviklinga ha vore negativ.