TV2 er i full gang med å planleggje ein ny sesong av "Da damene dro". I vår kunne fjernsynssjåarane følgje innbyggjarane i Husøy. Denne gongen såg det lenge ut som det kunne bli damene i Gjerdsvika sin tur til å reise til Syden, medan mannfolka stelte hus og heim. Valet stod mellom dei tre bygdene Gjerdsvika (Sande), Fiksdal (Romsdal) og Røyrvik (Nord Trøndelag). Alle tre bygdene oppretta eigne grupper på Facebook til støtte for at Nordisk Film skulle velje dei. Gruppa for Gjerdsvika hadde 1550 medlemer. Til samanlikning hadde Røyrvik-gruppa 523 medlemer og Fiksdalgruppa hadde 1238 medlemer. Likevel valde Nordisk Film å gjere innspelingane sine i Røyrvik denne sommaren. No diskuterer bygdefolket i Gjerdsvika kva anna moro dei skal finne på. Dei legg ikkje skjul på at dei er litt skuffa, men sender varme gratulasjonar til Røyrvik.