Ulstein kommune sin rekneskap for 2011 vart handsama og godkjent i kommunestyret den 26. april 2012 med eit underskot på 3 862 739 kroner.

Vedtaket vart sendt til Fylkesmannen for godkjenning etterpå.

I oktober kom det e-brev frå Fylkesmannen med følgjande spørsmål:

– Vi lurer på kvifor inndekkinga av rekneskapsmessig underskot (190 433) ikkje vart stroke når rekneskapen viser eit meirforbruk. Vi viser her til forskrift om rekneskap § 9.

Brukte fond

Ulstein kommune svarte at det er rett etter § 9 at kommunen skulle ha stroke denne inndekkinga når dei hadde eit nytt underskot.

– Men det vart gjort vedtak om bruk av fond til inndekning ved handsaming av rekneskapen i kommunestyret og dette vart bokført på dette tidspunktet. Alternativet var vel å ta inn bruk av fond etter budsjettet og kome ut med eit mindre underskot i 2011, men vi diskuterte det med revisjonen og let det stå som det var sidan det var eit lite beløp og vi hadde fond å ta av, svarer kommunen.

Må gjere nytt vedtak

Etter påfølgjande samtalar med Fylkesmannen blir konklusjonen at kommunen må gjere nytt vedtak for å stette kravet til inndekning i forskrift om rekneskap § 9.

Fylkesmannen presiserer at Ulstein kommune ikkje kan dekkje underskot så lenge kommunen går med underskot i same år som inndekkinga.

Rekneskapen til kommunen blir altså ikkje godkjend før ny handsaming der dei stryk inndekkinga.

Mellombels på Robek

Som følgje av at kommunen ikkje har dekt inn underskotet som planlagt i 2011, blir Ulstein kommune i ein mellomfase innmeldt i statens register om betinget godkjenning og kontroll, står det å lese i sakspapira til Ulstein formannskap.

– Fylkesmannen og kommunen er samde om realitetane i saka, nemleg at dette er ei formell retting, skriv rådmannen til formannskapet.

Når formannskapet er samla til møte i ettermiddag må dei difor endre rekneskapen for 2011 slik at dei får han godkjent av Fylkesmannen. Underskotet frå 2010 blir ikkje dekkja, samstundes blir det henta inn 190 433 kroner som budsjettert.

Årsresultatet for 2011 blir då eit underskot på 3 672 308 kroner, som må dekkjast inn av fondsmidlar.

– For å sikre oss at vi i 2012 legg fram ein rekneskapen som Fylkesmannen kan godkjenne, må vi ta høgde for eit budsjett som hentar inn nok midlar frå driftsfondet til å dekkje inn tidlegare års underskot, i tillegg til eit eventuelt underskot i 2012. Eiga sak blir lagt fram i kommunestyret om dette, skriv rådmannen til formannskapet.

På side 116 i sakspapira står det at kommunen går med 6,25 millionar i underskot i 2012:

– Samla sett er underskotet for Ulstein kommune stipulert til 6 250 000 kr.

Til 2012-rekneskapen er godkjent

Rådmann Einar Vik Arset stadfestar til Vikebladet Vestposten at det stemmer at Ulstein kommune for tida er inne på Robek-lista. Det vil kommunen vere til dei har endra på rekneskapen for 2011, og til kommunen har fått godkjent rekneskapen for 2012.

Det trur han ikkje blir noko problem, sjølv om det står i sakspapira at underskotet i år truleg blir 6,25 millionar. For dei ventar rundt fem millionar som kjem inn i januar/februar. Så det blir om lag i balanse.