Saka skal då til handsaming i kommunestyret, og rådmann Arne Gunnar Aschehoug rår til at Fantehuset, med Andreas Grimstad i spissen, får ta over huset. Folka bak Fantehuset vil gje ungdom nye tilbod til rusfrie syslar, og dei ønskjer å ta vare på historia til Trudvang. Alle involverte i Fantehuset har synt engasjement og iver etter å gjennomføre målsetjingane om å skape ein møteplass for ungdom. Sidan sommaren 2008 har det vore minimalt med aktivitet i huset. Det vart også klarlagt at tilbygget mot riksvegen hadde ein skade i taket som resulterte i at regnvatn rann inn. Men etter ein grundig sjekk i mai 2007 vart det slått fast av fagfolk at huset ikkje er i så dårleg stand som frykta. I samband med overdraginga meiner rådmannen kommunen må stille som vilkår at Fantehuset held eigedomen i rimeleg stand og at eigedomen blir ført tilbake til kommunen dersom Fantehuset ikkje brukar Trudvang etter intensjonen, eller at laget blir opplyst, eller bygningen brenn og det ikkje vert reist på nytt.
Nyhende →
Fantehuset får truleg ta over Trudvang vederlagsfritt
Torsdag blir det avgjort om selskapet "Fantehuset" får ta over det gamle ungdomshuset Trudvang i Hareid – vederlagsfritt