Folketalsendringane i 3. kvartal 2012 gjer Volda til folketalsvinnar på Søre Sunnmøre. Men også Herøy og Hareid har hatt god tilvekst.

Volda fekk 111 fleire innbyggarar i 3. kvartal (det har sannsynlegvis å gjere med at kommunen har ein høgskule som har studiestart i denne terminen), medan Herøy og Hareid auka med høvevis 67 og 33 innbyggarar. Ulstein hadde derimot ein auke på berre 7 og må nok vente ei stund til før folketalet bikkar 8.000. No er det på 7.906.

Ørsta auka med 14 personar, medan Sande fekk 13 fleire innbyggarar.

Vanylven, derimot, hadde ein nedgang på 26.

Folketalet i dei sju kommunane på Søre Sunnmøre er dermed slik pr. 1. oktober:

Ørsta 10.461 (+ 14)

Herøy 8.813 (+ 67)

Volda 8.813 (+ 111)

Ustein 7.906 (+ 7)

Hareid 5050 (+ 33)

Vanylven 3.345 (- 26)

Sande 2.620 (+ 13)

Med auken på 111 er Volda også folketalsvinnar i 3. kvartal mellom landkommunane i fylket - føre Fræna (+ 91) og Herøy (+ 67).

Folketalstaparane er Sykkylven (- 40), Stranda (- 36) og Halsa (- 27).

Størst folkevekst av alle kommunar hadde Ålesund med 229. Folketalet der er no oppe i 44.976. Molde hadde ein folkeauke på 163, medan Kristiansund kom ut med + 109.

I Møre og Romsdal auka det samla folketalet med 860 i 3. kvartal.

Hovudårsaka til folkeveksten er framleis stor innvandring frå utlandet.

14 av dei 36 kommunane i fylket hadde folketalsnedgang.

Tala er sendt ut av Statistisk Sentralbyrå