Pengane skal nyttast til å auke samkvem og bulyst.

Løyvinga er gjort av Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Leiar Morten Feiring i Eiksund Bygdelag opplyser at det no skal utviklast eit målretta tilbod til fastbuande i alle generasjonar. Men det skal også skapast eit attraktivt tilbod til nyetablerarar, slik at Eiksund kan bli eit reelt alternativ til dei raskt veksande “nyurbane” kommunesentera.

– Vi ønskjer å utvikle tilbod i Eiksundbygda med eit regionalt perspektiv som er basert på kvalitetar som dei nyurbane sentera manglar, forklarer Feiring.

Det vil bli lagt vekt på å utvikle tilbod i Eiksund som er basert på naturgjevne fordeler, med tanke på aktiv skapande og sosialt fellesskap for alle generasjonar.

Møreforsking med i første fase

Møreforsking skal vere med første fase, i eit definert og avgrensa omgang. Dei skal kome med innspel i prosessen, kvalitetssikre kartlegginga, analysere kartlegging- og presentasjon – og kome med råd i den vidare prosessen.

Feiring presiserer at det er bygda, ved Eiksund Bygdelag, som styrer prosessen fullt og heilt, og at det er bygda sjølv, ved alle bygdefolk i Eiksund, som eig og bestemmer korleis dette arbeidet skal drivast framover steg for steg.

Eiksund Bygdelag har ein god dialog med administrasjonen i Ulstein kommune, og dei har ei felles forståing for korleis samarbeidet skal vere vidare i prosessen.

Gruppearbeid på årsmøtet

Onsdag 14. november blir det årsmøte i Eiksund Bygdelag. Der vil det bli lagt fram for bygdefolket ei skisse for framdrift. Styret har utforma nokre spørsmål som er grunnlag for grendevis gruppearbeid i heile bygda. Innspel og svar på spørsmåla frå desse gruppearbeida skal danne grunnlag for eit framtidsverkstad for heile bygda.

– Målet for første fase er at alle i bygda kjem med bidraget sitt og kjenner på eigarskap til prosessen, og at vi får fram eit engasjement frå kvar og ein som bur i Eiksund, kommenterer Morten Feiring