Etter at det fredag vart gjennomført eit kuppforsøk i Tyrkia har Utanriksdepartementet laurdag endra reiseråd for Tyrkia. UD skriv på sine nettsider at alle reiser som ikkje er naudsynte blir frårådt. Dei ber nordmenn som planlegg reiser til Tyrkia om å kontakte sine flyselskap eller reiseoperatørar.

For personar som oppheld seg i Tyrkia, ber UD om at dei følgjer med på situasjonen i lokale medier.

UD oppmodar også alle nordmenn som oppheld seg i Tyrkia om å registrere seg på nettsida reiseregistrering.no, slik at UD kan opprette kontakt ved behov.