Pokémon GO  har eit nytt konsept,  der den virtuelle verda og den faktisk verda vert kombinert i telefonen. Ein må fysisk gå rundt og leite etter Pokémons med telefonen. Spelet nyttar GPS og det er rett og slett den verkelege verda som er bana i  spelet. Ein Pokémon kan dukke opp i hagen eller på kjøkenbenken din. Dei kan altså dukke opp overalt.

I Ulsteinvik kan ein observere mange som er ute og jaktar Pokémons. Små born, unge og vaksne. Overalt i Ulsteinvik kan ein finne ein Pokémon. I tillegg kan spelarane ved fleire stoppunkt få poeng og diverse utstyr som hjelp dei i jakta. Eit av stoppa er til dømes biblioteket i Ulsteinvik eller Sjøborg.

Frå Leikong til Ulsteinvik

Nokre av dei som er hekta er tre sysken frå Leikong. Stine-Beate, Snorre-Mikal og Sandra-Kristin Skjønberg fortel at det dessverre er lite Pokémons der dei bur. Difor kosar dei seg i Ulsteinvik – der er visst mange. Dei lasta ned spelet førre helg  og har vore hekta sidan.

– Eg har allereie fanga 14 Pokémons. Eg har nettopp fanga ei flaggermus, fortel Stine-Beate.

Alle tre syskena likar spelet godt, men dei fylgjer likevel godt med på kva effekt spelet kan ha.

– Vi såg nokon som gjekk over vegen utan å sjå seg for fordi dei spelte Pokémon GO, seier Stine-Beate bekymra.

Men Snorre-Mikal legg til at spelet òg kan få gode følgjer.

– Eg har høyrt om folk som har gått ned 7 kilo etter at dei byrja å spele Pokémon GO.

Pokémons over sola

Håkon Lillebø-Høidal og Markus Lillebø Sætre har òg vorte bitne av basillen. Dei vart smitta av mor si, Ingrid Lillebø, som fyrst lasta ned spelet på telefonen sin.

– Vi er eigentleg i Ulsteinvik på jakt etter sola, men det vart Pokémon GO i staden for. Vi måtte forske litt på spelet og no har det gått 20 minutt allereie, ler mor Lillebø.