Paul Potts var den første vinnaren av Britain´s Got Talent i 2007. Etter det har han besøkt  operahus og konsertsalar over heile verda.

Første og einaste konsert i Norge er Ulsteinvik og Sjøborg kulturhus.

Med seg på scena har Paul Potts med seg den danske operasongaren Kristine Bonde og eit fem manns orkester med strykarar og klaver.

Med eit salg på meir enn 5 mill album og nær 600 konsertar dei siste seks åra, har Paul Potts no gitt ut sitt mest allsidige album HOME, med Sony Music Entertainment Australia.

HOME er ei samling med 14 songar der Paul gir uttrykk for sin kjærleik til musikk i «alle» sjangrar. I samarbeid musical director Chris Taylor, har Paul Potts laga eit album utan reglar, men med songar som framhevar dei vakre songane og hans stemmeprakt.

Songane vi får høyre denne kvelden er etter alt å døme henta frå dette albumet. Det blir i så fall tett mellom høgdepunkt som Nessun Dorma, Con Te Partirò (Time To Say Goodbye), Caruso, Ognuno Soffre (Everybody Hurts), Piano (Memory), Parla Più Piano (The Godfather), Un Giorno Per Noi  (A Time For Us), Senza Luce (A Whiter Shade Of Pale), Il Mio Cuore Va (My Heart Will Go On) -Titanic, Por Ti Seré  (You Raise Me Up) og Il Gladiatore (Gladiator)

Det er både forventningar og spenning knytt til det å kunne presentere ein så særeigen artist som Paul Potts.

Med hans fantastiske historie og ikkje minst hans fantastiske stemmeprakt, ligg det an til å bli ein minneverdig konsert på Sjøborg.