Det flytande biblioteket er eit spleiselag mellom fylkeskommunane i Hordaland og Møre og Romsdal. Tidlegare var også Sogn og Fjordane med, men dei kutta tilbodet i fjor.

No føreslo fylkesrådmannen i Hordaland at også dei skulle leggje ned tilbodet for å spare pengar. Det fekk forfattarane i Bergen til å sjå raudt.

– Det vert bore i land 23 000 bøker på 52 små bygder på Vestlandet kvart år. Dette tilbodet når folk i distrikta som ikkje har same tilbod som folk i byane har, sa forfattar Stig Holmås.

Denne veka vart det klart at SV, Senterpartiet, Arbeidarpartiet og Kristeleg folkeparti får fleirtal for å berge bokbåten i Hordaland.

Drift frå 2017 er vidare avhengig av at båe fylkeskommunane framleis vil ta kostnadene med å drifte Epos.