Det var duoen Lars Erling Bjåstad Hovlid frå Hareid og Thomas Busker Larsen som tok tak, og fekk liv i draumen til mange tusen i sosiale medium hadde bert på lenge. Å få Brænnesafta tilbake i butikkhyllene igjen. No har dei fått oppskrifta frå Martin Brænne, produsert opp og skipa ut 65.000 liter Brænnesaft. Og det berre sidan 26. september. Då var det fyrste gong safta var i butikkane på seks år. Det skriv Møre-Nytt.

- Dersom du reknar med alt vatnet som går med til å blande ut safta, så snakkar vi om 300.000 liter med ferdig drikke som skal verte konsumert, sa Thomas Busker Larsen i intervju med Møre-Nytt.

- Det har vore stor interesse. No flatar det nok litt ut. Det har vi teke med i rekninga, men til no har det gått over all forventing, seier Bursker Larsen.

Safta er no å finne i butikkar i store delar av Søre Sunnmøre, samt i Ålesund og på Vestnes.

Håpar på godt julesal

Julebordtida er på full fart mot oss, og duoen Bjåstad Hovlid og Busker Larsen vonar at mange kjem til å kjøpe Brænnesaft også til det formålet.

- Brænnesafta har vore ein naturleg følgesvein for mange, og det håper vi ho vil kunne halde fram med å vere.