Etter Fylkesmannen tidlegare i haust slo fast at Håvard Roppen har klagerett, kom saka om Inge Eidem bør få konsesjon til å drive gard opp igjen i teknisk utval.

Kommunalsjef teknisk støtta seg på tilrådinga frå landbrukssjefen om at Eidem ikkje burde få konsesjon, då det kunne øydeleggje for gardsdrifta til eksisterande gardbrukar Håvard Roppen. Han treng jorda som tilleggsjord.

Men fleirtalet i utvalet var ikkje samd i det. Magne Gurskevik (Ap) og Alf Johan Antonsen (Frp) hadde skrive eit felles framlegg om at utvalet burde stå på vedtaket sitt frå tidlegare om Inge Eidem bør få konsesjon, som han har søkt om, til å kjøpe og drive garden til Stig Magne Roppen. Hanne Notøy (Ap) melde klart ifrå på møtet at dette framlegget ville ho også vere med å fremje.

– Kreativ og nytenkande

Med vedtaket følgjer det med ei lang grunngjeving der dei vurderer det som at busetnaden i bygda Flø blir styrka ved at Inge Eidem og ein av etterkomarane hans med familie vil busetje seg på garden og aktivt vere med i drifta og utviklinga av garden.

– Garden er ein del av ei rik og langvarig småbrukstradisjon, og ved god tilrettelegging og utvikling vil det med det tilgjengelege arealet kunne skapast framtidsretta og god drift på garden, skriv dei.

Inge Eidem og familien blir skildra som ein kreativ og initiativrik gjeng som er fullt i stand å drive garden på ein god måte. Han vil skape ei ny og framtidsretta drift samtidig som har tar vare på det tradisjonsberande kulturlandskapet på garden.

Skal framleis leige til Roppen

Teknisk utval legg til grunn at Håvard Roppen, både på kort og lengre sikt, vil vere sikra tilleggsjord for fôrhausting for god drift på eige bruk, mellom anna gjennom moglegheit for avtale om leigejord, og på stadig endring i bruksstruktur og drift på gardar i området.

Ein gjekk imot

Olav Sæter (KrF) var den einaste som gjekk i mot fleirtalet. Han sa at han kjenner ein del til konsesjonslova. Lova seier at ein skal leggje til rette for eksisterande gardsbruk, dette er stikk i strid med det. Sjølv om Eidem vil halde fram med å leige ut jord til Roppen ei stund til, skapar det uvisse for gardsdrifta til Roppen.

På møtet vart det sagt at det er tilgjengeleg areal andre stader i kommunen som Roppen kan nytte. Hannelore Måseide (V) finn det ikkje rett at gardbrukarar kan basere gardsdrifta si på jorda til andre. Om han trong jorda på nabogarden kunne han ha kjøpt heile bruket, meinte ho, ikkje berre fiske indrefileten.

Vil samarbeide med Roppen

Inge Eidem var letta og takksam etter møtet. Det har vore mykje fram og tilbake i denne saka.

– Du har ikkje mista motet?

– Eg har på ingen måte mista motet. Når eg startar ein draum ser eg ingen problem, berre moglegheiter, svarer Eidem og legg til at fokus no er å samarbeide med Håvard Roppen på ein best mogleg måte.

Han vil gjerne hjelpe Roppen med gardsdrifta, om han får lov til det. Eidem ser for seg at dei to i lag kan utvikle Roppane på ein god måte.

– Eg har veldig lyst på eit stort drivhus, det er det ingen som har i Ulstein. Det er stor etterspurnad etter kortreiste grønsaker, seier Eidem og tenkjer at han kanskje kan få levere til Folk Spiseri.

No håpar han Roppen ikkje klagar, så saka blir sendt til Fylkesmannen, men heller konsentrerer seg om samarbeid.

Eidem reagerer på at kommunen i saksgangen har utvist så liten respekt for eigedomsretten. Dei har foreslått å dele garden i tre, utan å ta kontakt med eigar eller seljar.

Saka blir å sende til Fylkesmannen for klagehandsaming.