Dette kom fram då Hareid kommunestyre torsdag handsama tertialrapporten pr. 30.8. 2017.

Marit Øien Sæverud (KrF) stilte då spørsmål ved framdrifta for det nye bustadfeltet på Holstad. – Eg veit om mange ressurssterke folk som har lyst til å kome tilbake til Hareid, og det vil vere synd viss feltet ikkje snart blir byggeklart, sa ho.

Administrasjonen kunne opplyse at det har kome inn 3–4 anbod frå prosjektleiarar på infrastruktur, og at det i neste veke truleg blir avgjort kven som får det treårige prosjektansvaret. Og sjølve husbygginga startar truleg i 2019.