I samband med skulestart gjennomfører politiet ein del trafikkontrollar for å gjere skulevegen tryggare.

I dag tidleg vart det gjennomført ein konotroll i Ulsteinvik. Då oppdaga politiet at ein mann i 40-åra køyrde utan førarkort. Han hadde levert barn på skulen. Blåseprøve gav også utslag på promille, men under straffbar grense. Mannen blir anmeldt.